Steeleye Span
Steeleye Span | |||
Steeleye Span under Fairport's Cropredy Convention i 2006 | |||
Opphav | England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Folkrock | ||
Plateselskap | Park Records, Shanachie Records, Chrysalis Records, Flutterby Records, Mooncrest Records, B & C Records | ||
Medlemmer | Peter Knight Rick Kemp Maddy Prior Liam Genockey Pete Zorn Julian Littman | ||
Tidlegare medlemmer | Ken Nicol Bob Johnson Tim Hart Tim Harries Gay Woods Nigel Pegrum Ashley Hutchings Martin Carthy John Kirkpatrick Terry Woods Terl Bryant Michael Gregory Mark Williamson Chris Staines |
Steeleye Span er eit engelsk folkrockband, danna i 1969 og framleis aktive i dag. I lag med Fairport Convention er dei av dei mest kjende banda innan britisk folkrock som framleis held på i dag, og var av dei mest kommersielt suksessrike på grunn av hitsinglane «Gaudete» og «All Around My Hat». Dei fekk tre album inn på Topp 40 i Storbritannia og fekk gullplate for «All Around My Hat».
Namnet Steeleye Span kjem frå ein karakter i den tradisjonelle songen «Horkstow Grange» (som dei ikkje spelte inn før albumet med same namn i 1998). Songen fortel om ein kamp mellom John «Steeleye» Span og John Bowlin. Ein trur ikkje nokon av dei verkeleg skal ha eksistert. Martin Carthy gav Tim Hart ideen om bandnamnet. Då dei bandet diskuterte namn stod det mellom «Middlemarch Wait», «Iyubidin's Wait» og «Steeleye Span». Sjølv om det berre var fem bandmedlemmer dukka det opp seks stemmesetlar og «Steeleye Span» vann. Først i 1978 innrømde Hart at han hadde stemd to gonger. Terry Woods fortel at medlemmane vart samde om at om meir enn ein person forlet bandet, så skulle resten av bandet skifte namn, og han vart oppskaka då dette ikkje skjedde då han og Gay Woods forlet bandet.
Gjennom den lange historia deira har Steeleye Span hatt mange besetningar, men likevel hatt ein sterk kontinuitet. Solovokalist Maddy Prior var ein av hovudattraksjonane i musikken til bandet, og var ein av få sterke, men melodiske kvinner i rockemusikken i 1970-åra i lag med Sandy Denny, Annie Haslam frå Renaissance, Jacqui McShee, Linda Ronstadt og Linda Thompson.
Eit typisk album av Steeleye Span består hovudsakleg av tradisjonelle songar med ein eller to instrumental av ein jig eller ein reel. Dei tradisjonelle songane er ofte ein av Child-balladane.På seinare album har dei i aukande grad spelt inn sine eigne songar, men dei har aldri gått bort frå tradisjonell musikk.
Besetningar
[endre | endre wikiteksten]Steeleye Span 1: Tim Hart, Maddy Prior, Terry Woods, Gay Woods, Ashley Hutchings
- Periode: 1969-70
- Album: Hark! The Village Wait
- Merknad: Denne besetninga spelte aldri konsertar
Steeleye Span 2: Tim Hart, Maddy Prior, Ashley Hutchings, Martin Carthy, Peter Knight
- Periode: 1971-72
- Album: Please to See the King, Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again
- Merknad: Dette var den første besetninga som spelte konsertar
Steeleye Span 3: Tim Hart, Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Rick Kemp
- Periode: 1972-73
- Album: Below the Salt, Parcel of Rogues
Steeleye Span 4: Tim Hart, Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Rick Kemp, Nigel Pegrum
- Periode: 1973-77
- Album: Now Now We Are Six, Commoner's Crown, All Around My Hat, Rocket Cottage
- Merknad: Den kommersielt mest suksessrike besetningar
Steeleye Span 5: Tim Hart, Maddy Prior, Rick Kemp, Nigel Pegrum, Martin Carthy, John Kirkpatrick
- Periode: 1977-78
- Album: Storm Force Ten, Live at Last
- Merknad: Den første besetninga med eit tidlegare bandmedlem
Steeleye Span 6: Tim Hart, Maddy Prior, Rick Kemp, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson
- Periode: 1980-82
- Album: Sails of Silver
- Merknad: Same besetning som 4.
Steeleye Span 7: Maddy Prior, Rick Kemp, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson
- Periode: 1982-86
- Album: Back in Line
- Merknad: Prior er det einaste gjenverande originale medlemmet
Steeleye Span 7.1: Maddy Prior, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson, Mark Williamson
- Periode: 1986
- Album: None
- Merknad: Denne besetninga eksisterte berre for ein turne.
Steeleye Span 7.2: Maddy Prior, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson, Chris Staines
- Periode: 1986-87
- Album: None
- Merknad: Denne besetninga eksisterte òg berre for ein turne
Steeleye Span 8: Maddy Prior, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries
- Periode: 1988-89
- Album: Tempted and Tried
- Merknad: Pegrum forlet bandet like etter 'Tempted', så denne besetninga turnerte aldri etter albumet
Steeleye Span 9: Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Liam Genockey
- Periode: 1989-95
- Album: Tonight's the Night...Live
- Merknad: Denne besetninga turnerte først etter 'Tempted and Tried'.
Steeleye Span 10: Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Liam Genockey, Gay Woods, Ashley Hutchings, Martin Carthy, Rick Kemp, Nigel Pegrum, John Kirkpatrick, Michael Gregory, Tim Hart
- Periode: 1995
- Album: The Journey
- Merknad: Denne besetninga var ein gjenforeiningsturne. Alle dei tidlegare medlemmene var med bortsett frå Terry Woods. Michael Gregory hadde ikkje spelt i bandet før.
Steeleye Span 11: Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Liam Genockey, Gay Woods
- Periode: 1995-97
- Album: Time
Steeleye Span 12: Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Gay Woods
- Periode: 1997-2000
- Album: Horkstow Grange, Bedlam Born
- Merknad: Dette var den første besetninga utan Maddy Prior.
Steeleye Span 12.1: Peter Knight, Tim Harries, Gay Woods, Rick Kemp
- Periode: 2000-01
- Album: Ingen
- Merknad: Denne besetninga spelte berre konsertar
Steeleye Span 12.2: Peter Knight, Tim Harries, Rick Kemp, Terl Bryant
- Periode: 2001
- Album: Ingen
- Merknad: Denne besetninga spelte berre konsertar. Terl Bryant er tilskriven som spesiell gjest
Steeleye Span 13: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Bob Johnson, Liam Genockey
- Periode: 2002
- Album: Present--The Very Best of Steeleye Span
- Merknad: Denne besetninga turnerte aldri på grunn av helseproblema til Johnson
Steeleye Span 13.1: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Liam Genockey, Ken Nicol
- Periode: 2002
- Album: Ingen
- Merknad: Ken Nicol erstatta Bob Johnson for ein turn etter 'Present'.
Steeleye Span 14: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Liam Genockey, Ken Nicol
- Periode: 2003 - 2009
- Album: They Called Her Babylon, Winter, Folkrock Pioneers in Concert, Bloody Men, Cogs, Wheels & Lovers
- Merknad: Besetninga som har vart lengst, og den mest produktive når det kjem til album.
Steeleye Span 14.1: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Liam Genockey, Ken Nicol, Pete Zorn
- Periode: 2009 til i dag
- Album: Ingen
- Merknad: Har berre spelt konsertar
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- Hark! The Village Wait (1970)
- Please to See the King (1971)
- Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again (1971)
- Below the Salt (1972)
- Parcel of Rogues (1973)
- Now We Are Six (1974)
- Commoners Crown (1975)
- All Around My Hat (1975)
- Rocket Cottage (1976)
- Storm Force Ten (1977)
- Sails of Silver (1980)
- Back in Line (1986)
- Tempted and Tried (1989)
- Time (1996)
- Horkstow Grange (1998)
- Bedlam Born (2000)
- Present--The Very Best of Steeleye Span (2002)
- They Called Her Babylon (2004)
- Winter (2004)
- Bloody Men (2006)
- Cogs, Wheels and Lovers (2009)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steeleye Span» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tilhengjarside
- Steeleye Span-tekstar Arkivert 2008-06-18 ved Wayback Machine.